"SKAP OG ENGASJER,

KLARGJER FOR FRAMTIDA"

learnlab students colaboration illustration
LearnLab tilbyr

Kva er djuptgåande læring?

Djuptgåande læring er kunnskap som skal førebu dagens elevar på endringar i samfunnet, livet og jobben. LearnLab er utvikla spesifikt for djuparegåande læring ved hjelp av anerkjend pedagogisk forsking og teori. Fokuset er på ei gradvis tileigning av kunnskap, forståing og bruk av spesifikke konsept.

Lær meir
deep learning image
shape
shape

Kven Er Vi?

LearnLab blei grunnlagt i 2017 og er basert i Noreg med kontor i Oslo. Grunnleggjarane har meir enn 25 års erfaring med utdanningsutvikling og teknologi.

Lær meir
hands holding together

Korleis Lage Labs

Få ein introduksjon til LearnLab.

Sjå våre introduksjonsvideoar for å kome i gong LearnLab..

Lær meir
person holding tablet
shape

CREATE AND ENGAGE - ENABLE THE FUTURE

Unge i dag veks opp i ein kompleks og raskt skiftande verden, med utfordringar knytta til miljø og berekraft, psykisk helse og aukande grad av sosiale ulikskapar. For å møte desse utfordingane treng vi kretivitet, engasjement, kritisk tenking, refleksjon, samarbeid og eit globalt tankesett for framtidas borgarar. LearnLab er basert på progressiv pedagogisk tenking og forsking, og er laga spesielt for å møte behovet for framtidas kompetanse. Ved å tilretteleggje for djuptgåande læring og oppdaginga av nye omgrep kan ein ruste dei som skal lære til å forandre verden til det bedre.

young boy holding tablet
shape

EIT DIGITALT LÆRINGSLABORATORIUM

LearnLab tilbyr ei eineståande samling av interaktive, underhaldande læringsverktøy som engasjerer og legg til rette for samarbeid, samstundes som undervisarane får ei unik innsikt i nye typar evalueringar. Deltakarane visualiserer, samarbeider, kommuniserer, utforskar og fordjupar seg i tema og konsept med frisk giv under kvar LearnLab-økt.

ELEVANE SKAL VERE PRODUSENTAR, IKKJE FORBRUKARAR

Etter kvart som fokus for utdanninga endrar seg frå rein informasjonsformidling til tilrettelegging for læring, treng ein andre verktøy og metodar. Det er difor vi har utvikla LearnLab. Deltakarane produserer eige innhald og er aktive i eiga læring. Kvar LearnLab-økt let seg skreddarsy til bestemte konsept og mål ved hjelp av interaktive oppgåver. Elevane kan delta munnleg og via mobil, nettbrett og datamaskin.

learnlab ecosystem illustration
shape

KOLLEKTIV LÆRING

Saman lærer ein meir! Det er difor samarbeid er eitt av fokuspunkta for LearnLab™. Ein stor del av funksjonane hos LearnLab™ er tilrettelagde for læring gjennom samarbeid, problemløysing og alternativ tenking. Grupper kan jobbe og skape ting saman for å styrke dei sosiale banda og evna til samarbeid.

collective learning
shape

GJE ALLE ELEVAR TILGANG TIL FRAMTIDAS LÆRING NO!

LearnLab tilbyr gratis og innovative digitale ressursar for utdanning, med støtte frå Utdanningsdirektoratet og Innovasjon Noreg. Vår visjon er å bidra til å gje alle elevar lik tilgang til innhald som er relevant for eigen livssituasjon og lokal og global tilhøyring. Vi ynskjer å spele ein nykkelrolle i å endre utdanningssystem over heile verden gjennom å fremme inkludering, livsmeistring, demokrati og menneskerettar for alle elevar.

john dewey