Har du lyst å lære saman med elevane?

Share This Post

Share on facebook
Share on linkedin
Share on twitter
Share on email

Nokre tankar og tips frå Pål Berglund, lærar på 7. trinn og innhaldsskapar for LearnLab.

Å vere lærar er i sannhed å vere den lærande“, sa Kierkegaard for 150 år sidan. Det fanst kloke menneske før også. Å vere lærar betyr ikkje at du må kunne alt. Dessutan foregår læringa inne i hovudet på elevane, ikkje utanfor.

Elevane treng oppgåver der dei kan gjennomarbeide eigen forforståing i samarbeid med andre. Slik kan dei tileigne seg og anvende kunnskapar og ferdigheiter for å løyse oppgåver i kjende og ukjende samanhengar og situasjonar. Det krevjer forståing, evne til refleksjon og at dei trenast i å tenkje kritisk (nytt kompetanseomgrep, del av overordna plan). Læraren som saman med elevane søkjer desse samanhengane og situasjonane gjennom eigen problematiserande nysgjerrigheit, utan alltid sjølv å vite svaret, er den lærande lærar.

«Kvifor skal dei som kjem frå Sudan vere opptatt av fisken i havet?» spør ein elev som sjeldant snakkar høgt. Spørsmålet kjem etter at elevane har tatt stiling til spørsmålet «Trur du overfiske kan føre til at nokre av dine behov i framtida ikkje blir dekka?» i ein lab om berekraftig utvikling. I LearnLab får også «den stille jenta» mogelegheiten til å trene seg i kritisk tenkning og ho kan samanlikne sine svar med kva andre tenkjer. Ho blir aktiv i eigen læring og får oss andre til å tenke over ukjede samanhengar.

Etter at eg byrja å bruke LearnLab opplever eg at klasseromsdiskusjonane går meir i djupna på temaene enn tidlegare, og at eg lærar meir av elevane. Elevane stillar oftare og oftare spørsmål som eg ikkje kan svare på, og det er spennande. På den måta blir eg ein meir undrande og nysgjerrig lærar.

Du bestemmer sjølvsagt sjølv, men her er nokre råd til deg som brukar eller har tenkt til å bruke LearnLab:

1. Aktiv deltaking fremmar nysgjerrigheit og motivasjon. For å leggje til rette for dette, la elevane jobbe parvis eller i gruppar med tre studentar per eining. Dette gjer at elevane kan vere meir aktiv og styrka i læringsprosessen, samstundes det gjev ein følelse av tryggleik for dei meir sjenerte elevane.

2. Lytt til elevane og still dei oppfølgingsspørsmåla du IKKJE har planlagt på førehand.

3. Knytt gjerne ein eller fleire LearLabs til eit tema dykk heldt på med. Køyr laben til «summetona» minkar og gjerne ikkje meir enn 45 minutt pr. gong. Fortsett på laben ein anna dag, så slepp dykk stress og får tid til å tenkje.

Pål Berglund, lærar 7.trinn, October 2019

More To Explore

Digitale ressursar for fjernundervsining

Med LearnLabs digitale læringsverktøy kan lærarar leggje til rette for god heimeundervisning, og samstundes arbeide vidare med sentrale omgrep i Fagfornyinga. LearnLab vil leggje ut