LearnLab i Marokko

Share This Post

Share on facebook
Share on linkedin
Share on twitter
Share on email

Vi har gleda av å annonsere at LearnLab har inngått eit partnarskap med Moroccan Center of Civic Educatation og stiftelsn IMTEC.

Målet med partnarskapet er å tilby innovativ læringsteknologi i Marokko med eit innhald som kan bidra til ei berekraftig utvikling. Samarbeidet består også av opplæring av marokkanske ressurspersonar i bruk av teknologi i læringsprosessar, der elevar, lærarar, skuleleiarar og distriktsleiar samarbeidar på engasjerande og utforskande måtar.

Moroccan Center for Civic Education

Moroccan Centre for Civic Education er ein uavhengig, ikkje-statleg organisasjon. Sidan organisasjonen blei grunnlagt i 2004, har dei jobba tett med statlege og ikkje-statlege organisasjonar i seksten av atten regionar i Marokko. MCCEs formål er å trene og utdanne yngre generasjonar til å bli ansvarlege, effektive og aktive borgarar som etterlever demokratiske prinsipp.

The IMTEC foundation

Stiftelsen IMTEC er ein uavhengig norsk stiftelse som jobbar nasjonalt og internasjonalt med skule-, leiing og organisasjonsutvikling. Eit av IMTECs mål er å bidra til internasjonal skuleutvikling gjennom etablering og deltaking i nettverk mellom organisasjonar, prosjektar og individ. Les meir om IMTEC her..

More To Explore

Digitale ressursar for fjernundervsining

Med LearnLabs digitale læringsverktøy kan lærarar leggje til rette for god heimeundervisning, og samstundes arbeide vidare med sentrale omgrep i Fagfornyinga. LearnLab vil leggje ut