Nye medlem i LearnLab teamet

Share This Post

Share on facebook
Share on linkedin
Share on twitter
Share on email

Denne hausten ansatte LearnLab to dyktige pedagogar: Elin Hofstad og Erlen Kobro. Begge har lærarbakgrunn og eit sterkt engasjement for djup læring og verdien av digitale verktøy i klasserommet. Bli betre kjent med dei her!

Elin Hofstad – Digital Learning Manager

Elin er utdanna grunnskulelærar med spesialisering i 1. til 7. trinn. Attmed jobben i LearnLab studerar ho til ein mastargrad i digital læring. Ho har lærarerfaring frå grunnskulen kor ho har våre lærar i matematikk, naturfag og norsk. Elin har tidlegare vore ein del av Bærum kommunes lærartreningsprogram og er APLS-sertifisert

Dei siste åra har Elin jobba som ledar og kurshaldar i bruken av digital teknologi for å fremme læring i skular og barnehagar. Ho har besøkt meir en 80 skular og barnehagar frå København i sør til Logyearbyen i nord. Elin brenn for grunnlegande læring og omgrepslæring, og er engasjert for å koble elevanes læring til verda rundt oss.

Elin har også erfaring som prosjektledar og har vore teknisk ansvarleg for digitale, nasjonale og internasjonale konferansar.

Erlend Kobro – Digital Learning Manager

Erlend har bakgrunn som lærar i Bærum, ein av kommunane som har kommet lengst i bruka av teknologi i skulen. Frå 2014 jobba han med 1:1 teknologi i klasserommet ved Vøyrenga skule. Erlend har vore involvert i utviklinga av eit lærarutdanningsprosjekt i Bærum kommune, vore kursleiar for kurs om digital pedagogikk, og vore utviklingsleiar på skulen kor han jobba som lærar. Dei siste åra har Erlend blitt sertifisert som Apple instruktør og blitt utvald som ein av Noregs få Apple Distinguished Educators og Apple Professional Learning Specialists. Han er også sertifisert som Master Trainer i bruka av Microsoft 365 for utdanning og sertifisert som Google Educator.

Dei siste 5 åra har Erlend samarbeida med fleire viktige aktørar innanfor kurs og opplæring for lærarar, før han blei ansatt hos LearnLab. Sidan januar 2018 har han jobba fulltid med leiarutvikling, ferdigheitsutvikling og prosessleiing for skuler i Noreg og Sverige. Erlend er populær kurs- og foredragshalder, og heldt hyppige workshops, inspirerande foredrag og kurs- blant anna om digital didaktikk og digitale verktøy for utdanning.

Erlends lidenskap er skular kor elevanes trivsel, motivasjon, og meistring står i fokus – og kor lærarar har tilstrekkeleg kompetanse og tilgjengelege verktøy for å gje elevane variert og relevant utdanning.

More To Explore

Digitale ressursar for fjernundervsining

Med LearnLabs digitale læringsverktøy kan lærarar leggje til rette for god heimeundervisning, og samstundes arbeide vidare med sentrale omgrep i Fagfornyinga. LearnLab vil leggje ut